Or innhaldet: Denne årgangen av Norsk Årbok er sjunde i den nye rekkja, og held ved mange av skrivarane og emni me hev møtt fyrr um åri. Me møter nyyrkte dikt, nye atterdiktingar av Gjerdåker og Svelstad, og eit par gamle dikt, Gjenom fallgarden av Rytter, og dovrediktaren Solberg presentera av Aarnes.
Me hittar so frami nye umsetjingar ved Hatle og ei gamal Zweig-umsetjing ved Dale, fær ei attersyn med dei samiske syskini våre i nord, og er elles innum emni kjærleik, målarkunst, tonekunst, diktarkunst og mål.
Innehald
- Ole Jakob Totland: Spelmannen
- Kristin Fridtun: Kjærleik gjer ikkje blind
- Per Esben Svelstad: Sapfo, Labé og lengten etter den elska; Sapfo: fragment 16; Louise Labé: Sonett XXII
- Liv Hatle: Aino Kallas; Aino Kallas: Gjesten
- Johannes Gjerdåker: Ord av Konfutse
- Håvard Tangen: Franz Liszt – klavermeisteren
- Asbjørn Aarnes: Dovrediktaren Ragnar Solberg
- Ragnar Solberg: Gamle sætre
- Arne Horge: Munkacsy
- Thorgeir Holm: Gamle versmål til nye visur
- Olav Gullvåg: Olav Nygard
- Henrik Rytter: Gjenom fallgarden
- Kristin Fridtun: Eit ord for alt
- Johannes Gjerdåker: Georgica av Vergil
- Johannes A. Dale: Stefan Zweig: Kvinna og landskapet
- Jon Todal: Gravferdi i Neiden
- Liv Hatle: Siiri Magga-Miettunen; Siiri Magga-Miettunen: Ætti, Giftarmålet, Grani
- Jan Steffen Larsen: Sunnmørsmålet og nynorsken
- Andreas Bjørkum: Jakob Sande – målbruken i dei tre fyrste diktsamlingane hans
- Arne Horge: Katalogen
(ISSN 0809-7232) 142 s. Ytre mål: 22,8 cm x 14,6 cm x 0.741 cm. Mjuke permar. 16 skrivarar.