Bibelen på eige mål var lenge eit merke på eit nasjonalt kulturmål. Det var den boki folk hadde mest med å gjera, og bibelmålet hev sett mange spor i målføringi vår. Det var difor eit storhende då Studentmållaget i Oslo gav ut Fyrebilsbibelen 1921 – fyrste heile bibelumsetjingi på norsk. Sume stykke i denne årgangen kjem frå fyrelesnader på Norsk målstemna 2021 som høgtida detta.

Men det er meir: Innehaldet rekk frå eit grannsamt ummæle av storverket Kulten hans Kristofer Uppdal til eit fullt upptal av barnebøkene Norsk Barneblad – elder Sysvorti – gav ut upp gjenom åri. I ollo gjev denne årgangen oss ei vidsveimd umskoding frå vegamotet.

Innehald

  • Ragna Rytter: Syng du endå
  • Ole Jakob Totland: Umskoding frå vegamotet
  • Anders Aschim: Fyrebilsbibelen
  • Thorgeir Holm: Norskt bibelmål uppigjenom soga
  • Sverre Stausland Johnsen: Villgang i vig og verja
  • Ole Jakob Totland: Gamal-trøndskt måfåsvall
  • Leonhard Jansen: Hans Henrik Holm i Setesdal
  • Cornelius Jakhelln: Einmannsmåltinget. Høgnorskhugen talar um Norrønasongen
  • Ole Jakob Totland: Sysvorteflog
  • Inger Hagerup: Selja kloster
  • Gudmund Harildstad: Norsk Barneblads Forlag. Ein bibliografi
  • Håvard Tangen: Namn frå barnebladsoga