Bibelen på eige mål var lenge eit merke på eit nasjonalt kulturmål. Det var den boki folk hadde mest med å gjera, og bibelmålet hev sett mange spor i målføringi vår. Det var difor eit storhende då Studentmållaget i Oslo gav ut Fyrebilsbibelen 1921 – fyrste heile bibelumsetjingi på norsk. Sume stykke i denne årgangen kjem frå fyrelesnader på Norsk målstemna 2021 som høgtida detta.
Men det er meir: Innehaldet rekk frå eit grannsamt ummæle av storverket Kulten hans Kristofer Uppdal til eit fullt upptal av barnebøkene Norsk Barneblad – elder Sysvorti – gav ut upp gjenom åri. I ollo gjev denne årgangen oss ei vidsveimd umskoding frå vegamotet.
Innehald
- Ragna Rytter: Syng du endå
- Ole Jakob Totland: Umskoding frå vegamotet
- Anders Aschim: Fyrebilsbibelen
- Thorgeir Holm: Norskt bibelmål uppigjenom soga
- Sverre Stausland Johnsen: Villgang i vig og verja
- Ole Jakob Totland: Gamal-trøndskt måfåsvall
- Leonhard Jansen: Hans Henrik Holm i Setesdal
- Cornelius Jakhelln: Einmannsmåltinget. Høgnorskhugen talar um Norrønasongen
- Ole Jakob Totland: Sysvorteflog
- Inger Hagerup: Selja kloster
- Gudmund Harildstad: Norsk Barneblads Forlag. Ein bibliografi
- Håvard Tangen: Namn frå barnebladsoga



