Høyringssvar til NOU 2019: 23 Ny upplæringslov

Høgnorskringen verkar for å fremja, verja og dyrka norskt mål i godt lag, og meiner upplæringi i skulen jamt og samt skulde hava til fyreloga å halda fram den norske målarven. Utkastet til ny upplæringslov frå upplæringslovutvalet rekk ikkje, skal upplæringi gjera skuleungdomen fullfør til å bera fram den livande norske skrifttradisjonen. Måltilnærming og måltyning […]

Minneord um Johannes Gjerdåker (1936–2020)

På prent i Bergens Tidende, 5. mai 2020. Med burtgangen til Johannes Gjerdåker 27. april hev målrørsla og høgnorskmiljøet mist ein poet som song med ei klår og sterk røyst.  Gjerdåker var ein logn og finsleg vossing som stod trufast på heimleg grunn, samstundes som han hadde utsyn mot den store verdi. Han dyrka nynorsken med hag hand, og hev soleis vist veg for mange andre. I mange år gav han […]

Høyringssvar til utkast til ny mållov

Høgnorskringen takkar for innbjodingi til å segja noko um utkastet til ny mållov. Me meiner det nye utkastet tek inn nokre gode fyresegner. Til dømes slær fyremålet med lovi fast at lovi skal fremja jamstelling millom bokmål og nynorsk. Jamstellingsvedtaket frå 1885 hev enno ikkje gjeve nokor jamstelt målstoda i landet, og me treng ei verksam mållov til å støra og føra […]

Soga um Sindbad farmann

I boki «Von og veg» åtvara Nikolaus Gjelsvik mot at unorske segjemåtar og ordbering kjem inn i elles nynorskt mål. Verre en framandt mål i landet er det når framandt mål ter seg som det vøre norsk. Det fær oss til å tru at so skal tanken segjast på norsk. Gjelsvik krev at nynorske bladfolk […]

Høyringsfråsegn til læreplan i norsk

Me viser til høyringi um umbøter i læreplanane for norsk som er uppe no. Høgnorskringen verkar for den klassiske nynorske skrifttradisjonen og den norske målarven, og me er på det grunnlaget heilt upp samde i at «[n]orskfaget skal gi elevene innsikt i den rike og mangfoldige språk- og kulturarven i Norge», og at elevane «skal […]

Nes og Nes

(27. april 2019) Kommunal- og moderniseringsdepartementet held fram med å rydja tradisjonsrike stadnamn ut or offisielt bruk. Med di heradi Nes i Hallingdal og Nes på Raumarike kjem inn i det same risefylket Viken, skal heita, er det fastslege at eitt av desse lyt byta namn. Stader byter då ikkje berre namn! Usamansette og ubundne, […]

Innspel til ny språkmelding

Innspel innsendt til Kulturdepartementet til arbeidet med ny språkmelding. Høgnorskringen tenkjer på kor stort rom klassisk norsk hev i samfundet i dag. Me peikar her på tiltak som er viktuge både for statsnynorsken og den tradisjonelle nynorsken. Me vonar at målpolitikken kann opna for at tradisjonelt mål slepp fram. Med høgnorsk elder klassisk norsk meiner […]