Høyringssvar til framlegg til mållovfyresegn

Høgnorskringen takkar for at me er bedne um å segja noko um den framlagde fyresegni til mållovi. Me meiner umsyn til målbruk i det offentlege romet og statusen til dei offsielle måli i all statstilknytt verksemd må vera førande for verkekrinsen åt mållovi. Me ventar at statstilknytte verksemder fyller ålmenta og samfundet med god norsk, […]

Høyringsfråsegn til brigde i stadnamnfyresegni

Høgnorskringen ynskjer at fyresegni til stadnamnlovi skal segja rett ut kva for nokre skrivemåtar som ikkje er lovlege. Me ynskjer òg at hevdvunne, heilnorske skrivemåtar som ikkje lenger er gjeldande rettskriving, skal ha eit serskilt løyve framfor andre tilfellelege målføreformer. Me hev sét med uro på dei seinste brigdi i stadnamnlovi. Me ottast at veikte […]

Landet heiter Noreg

Innlegg på prent i bladet Firda, måndag 28de september, og i bladet Sunnhordland, onsdag 30de september 2020. Det offisielle namnet på landet vårt er Noreg. Det er den einaste skrivemåten på nynorsk. Likevel niheld sume i skrivande krinsar der nynorsken hev det stødigaste fotfestet på den avlagde formi Norge. Ja, serleg i dei reint nynorske […]

Høyringssvar til NOU 2019: 23 Ny upplæringslov

Høgnorskringen verkar for å fremja, verja og dyrka norskt mål i godt lag, og meiner upplæringi i skulen jamt og samt skulde hava til fyreloga å halda fram den norske målarven. Utkastet til ny upplæringslov frå upplæringslovutvalet rekk ikkje, skal upplæringi gjera skuleungdomen fullfør til å bera fram den livande norske skrifttradisjonen. Måltilnærming og måltyning […]

Høyringssvar til utkast til ny mållov

Høgnorskringen takkar for innbjodingi til å segja noko um utkastet til ny mållov. Me meiner det nye utkastet tek inn nokre gode fyresegner. Til dømes slær fyremålet med lovi fast at lovi skal fremja jamstelling millom bokmål og nynorsk. Jamstellingsvedtaket frå 1885 hev enno ikkje gjeve nokor jamstelt målstoda i landet, og me treng ei verksam mållov til å støra og føra […]

Høyringsfråsegn til læreplan i norsk

Me viser til høyringi um umbøter i læreplanane for norsk som er uppe no. Høgnorskringen verkar for den klassiske nynorske skrifttradisjonen og den norske målarven, og me er på det grunnlaget heilt upp samde i at «[n]orskfaget skal gi elevene innsikt i den rike og mangfoldige språk- og kulturarven i Norge», og at elevane «skal […]