Upprop for jamstelling av i-mål og a-mål

Me som skriv under på dette uppropet, meiner det er rett og rimeleg at dei to hovudformene av nynorsk, i-mål og a-mål, skal ha jamstelt status i den offisielle rettskrivingi. Same um dei hev ulik utbreiding, bør i-mål og a-mål ha like vilkår. Systemet med at klassiske i-former er sette i klammer, må takast burt, […]

Det norske fram! Lenge live høgnorsk!

Høgnorsksaki hev fenge ein uppsving det siste tiåret, ei tydeleg fylgja av at samnorskpolitikken hev spela endeleg fallitt. No er det tid for å byggja og bøta i målrørsla ­ og reisa oss på nytt med eit sermerkt og klårt profilera program. Avslagsmentaliteten frå den tidlege etterkrigstidi hev me lagt attum oss. Frå no av […]

NSB-namnebytet

(12. mars 2019) Vy. Det skal vel tyda utsyn, kringsjå, men NSB er snarare råka av tunnelsyn og hildringar. Me driv med nye ting no, me treng ny identitet, segjer dei, og vil skjota Statsbanane for glugg. Statsbanane dreiv bilrutor frå 1925 med namnet NSB, so det er slett ingi naudsyn å heita noko anna […]

Godt år!

Nyårsdagen 2019 er det hundrad år sidan vedtaket um å gjera amt um til fylke med sogelege norske namn byrja gjelda. Samstundes gjeng me inn i siste året denne fylkesskipnaden skal gjelda. Les um vedtaket som vart sett i verk 1. januar 1919 her. Det me i Høgnorskringen arbeidde mest med i 2018 var å […]

Helsing til Måldyrkingslaget på 90-årsdagen

Me helsar Norskt Måldyrkingslag hjarteleg til lukka med 90-årsdagen i dag! Norskt Måldyrkingslag (Akademi for det norske målet) vart skipa av Det Norske Samlaget, Noregs Mållag, Norsk Bladmannalag, Norsk Bokmannslag og Studentmållaget i Oslo 20. oktober 1928. Måldyrkingslaget vart skipa som eit akademi med innvalde målkunnuge. Laget hev jamt stade på den klassiske sida av […]

Ivar Aasen, 205 år

Mange høgtidar 205-årsdagen åt Ivar Aasen i dag med gode ord um og på ein nynorsk som vandar dei grunnsetningane Aasen bygde på og dei grunnformene han sjølv valde. So lite klassisk nynorsk det er i ålmenta etter tiår med offentlege forbod, er det inkje under um folk gjerne trur skulenynorsken i dag er ei […]

Fylkesnamnesaki i 1918

30. juli er det 100 år sidan inndelingsnamni i riket, amt- og stiftsnamni frå det danskspråklege styringsverket i landet vart vedtekne bytte ut med norske fylkes- og bispedømenamn. Med di vart det gjort eit storverk som var til stor nasjonal vinning. Mange målfolk var like vel vonbrotne då Stortinget gjorde vedtaket sitt 30. juli 1918: […]

Ja til nynorsk på Bybana!

Det var eit godt tiltak frå fylkespolitikarane i Hordaland då tingseta fyrre vika slo fast at det nynorske tenestemålet gjeld for kollektivtilbodet og dei vidaregåande skulane i Bjørgvin by, på lik lina med resten av fylket. Med di skal millom anna Bybana nytta nynorsk i uppslag og meldingar til dei reisande. Leidarteigen i Bergens Tidende […]