Norsk målstemna 2021

Nynorsk bibel 100 år. I 1921 kom den fyrste heile Bibelen på nynorsk ut. Det var Bibelnemndi åt Studentmållaget i Oslo som var utgjevar. Mange målkunnige hev vore med på å setja um Bibelen til ulike tider. Norsk målstemna 2021 set søkjeljoset på denne storvinna for norskt mål i samfund og trudomsliv. Det er fri […]

Høyringsfråsegn til brigde i stadnamnfyresegni

Høgnorskringen ynskjer at fyresegni til stadnamnlovi skal segja rett ut kva for nokre skrivemåtar som ikkje er lovlege. Me ynskjer òg at hevdvunne, heilnorske skrivemåtar som ikkje lenger er gjeldande rettskriving, skal ha eit serskilt løyve framfor andre tilfellelege målføreformer. Me hev sét med uro på dei seinste brigdi i stadnamnlovi. Me ottast at veikte […]

Landet heiter Noreg

Innlegg på prent i bladet Firda, måndag 28de september, og i bladet Sunnhordland, onsdag 30de september 2020. Det offisielle namnet på landet vårt er Noreg. Det er den einaste skrivemåten på nynorsk. Likevel niheld sume i skrivande krinsar der nynorsken hev det stødigaste fotfestet på den avlagde formi Norge. Ja, serleg i dei reint nynorske […]

Norske namn på Godvonodden og i Noreg

Innlegg på prent i Dag og Tid, 4. september 2020. I spyrjeleiken i Dag og Tid nr. 32 les me at stadnamnet «Kapp det gode håp» er eine svaret, og eg undrast: Er ikkje dette eit norskmålsblad? Kvi skal me støyta på norsk-danskt bokmål under fjerrlagde himmelstrok? Er det norsk-dansken som råder yver hav og […]

Norsk målstemna 2020

Det er tridje året at Norsk målstemna gjeng fyre seg på Litteraturhuset i Oslo. Emnet i år er tvo diktarar som båe skreiv på høgnorsk, eller klassisk norsk: Hans Henrik Holm og Olav H. Hauge. Bakgrunnen deira var ulik, og det var òg skilnader i stilen og kva tema dei skreiv um. På dette seminaret […]

Høyringssvar til NOU 2019: 23 Ny upplæringslov

Høgnorskringen verkar for å fremja, verja og dyrka norskt mål i godt lag, og meiner upplæringi i skulen jamt og samt skulde hava til fyreloga å halda fram den norske målarven. Utkastet til ny upplæringslov frå upplæringslovutvalet rekk ikkje, skal upplæringi gjera skuleungdomen fullfør til å bera fram den livande norske skrifttradisjonen. Måltilnærming og måltyning […]

Minneord um Johannes Gjerdåker (1936–2020)

På prent i Bergens Tidende, 5. mai 2020. Med burtgangen til Johannes Gjerdåker 27. april hev målrørsla og høgnorskmiljøet mist ein poet som song med ei klår og sterk røyst.  Gjerdåker var ein logn og finsleg vossing som stod trufast på heimleg grunn, samstundes som han hadde utsyn mot den store verdi. Han dyrka nynorsken med hag hand, og hev soleis vist veg for mange andre. I mange år gav han […]