Norsk målstemna held i år hundradårshøgtid for skalden Olav Nygard som døydde i 1924, snaudt fyrti år gamal. Program for stemna: 12.00 Ronny Spaans: Olav Nygards dikting og livssoga12.45 Mona Grenasberg fortel um arbeidet med «Olav Nygard. Mellom himmelsyn og avgrunn».13.00 Matpause13.30 Klaus Johan Myrvoll: Olav Nygard – målskapar og målreisar14.15 Erlend Skjetne: Nokre sentrale […]
Årboki for 2023 er nett komi frå prenteverket. Me fyrebur utsending åt lagslyden i Høgnorskringen og i Norskt Måldyrkingslag. Stutt um boki Or soga er mang ein lærdom hentande, og den som ikkje kjenner soga si, fær snart høyra dei mest langhenta lygesogor. Norskdomsrørsla hev fostra mange dei som hev visst å skilja klårt millom […]
No hev den nye rettskrivingi for nynorsk golde i ti år og me tek ordskiftet um norsk normering på målstemna i år. Umfram innleidingar og ordskifte um 2012-målet, normeringi frametter og døme på eit rettskrivingsspursmål frå i dag fær me høyra um Indrebø-brøderne og målet i Indrebø-bibelen. Det var den gjeldande nynorskbibelen i den norske […]
Høgnorskringen takkar for at me er bedne um å segja noko um den framlagde fyresegni til mållovi. Me meiner umsyn til målbruk i det offentlege romet og statusen til dei offsielle måli i all statstilknytt verksemd må vera førande for verkekrinsen åt mållovi. Me ventar at statstilknytte verksemder fyller ålmenta og samfundet med god norsk, […]
Årboki for i år er endeleg komi frå prenteverket. Ho vert send ut til lagslyden næste vika. Boki er elles til sals her og på Norsk målstemna i helgi på Litteraturhuset. Bibelen på eige mål var lenge eit merke på eit nasjonalt kulturmål. Det var den boki folk hadde mest med å gjera, og bibelmålet […]
Norsk målstemna tek i år fyre seg Olav Sletto og Henrik Rytter. Olav Sletto var folkehøgskulemann og bokmann frå Hallingdal. Henrik Rytter var umsetjar og diktar. Han er kann henda mest kjend for umsetjingane av Shakespeare og Den guddomlege komedien. Me fær høyra meir um desse tvo og frå Kristin Fridtun som kom med boki «Kunsten […]
Høgnorskringen takkar for tilsendt høyringsskriv og høvet til å meina noko um grunnsetningane for normeringsarbeidet i Språkrådet. Me hev sendt høyringsskrivet fram åt Norskt Måldyrkingslag, og dette høyringssvaret er gjeve i samråd og samvinna med styret i Måldyrkingslaget. Me arbeider for den klassiske nynorsken på alle umkverve i samfundet, og for eit norskt mål på […]
Nynorsk bibel 100 år. I 1921 kom den fyrste heile Bibelen på nynorsk ut. Det var Bibelnemndi åt Studentmållaget i Oslo som var utgjevar. Mange målkunnige hev vore med på å setja um Bibelen til ulike tider. Norsk målstemna 2021 set søkjeljoset på denne storvinna for norskt mål i samfund og trudomsliv. Det er fri […]
Høgnorskringen ynskjer at fyresegni til stadnamnlovi skal segja rett ut kva for nokre skrivemåtar som ikkje er lovlege. Me ynskjer òg at hevdvunne, heilnorske skrivemåtar som ikkje lenger er gjeldande rettskriving, skal ha eit serskilt løyve framfor andre tilfellelege målføreformer. Me hev sét med uro på dei seinste brigdi i stadnamnlovi. Me ottast at veikte […]
Innspel sendt til familie- og kulturnemndi på Stortinget, 15de oktober 2020. Høgnorskringen syner til saki um ny mållov som er fyre i familie- og kulturnemndi på Stortinget. Me rakk ikkje å snu oss rundt og søkja på høyringi fyre sumaren, men hev desse innspeli til lovfyrehavingi: Skrivekunna i staten Det er syrgjeleg at striden kring […]
Innlegg på prent i bladet Firda, måndag 28de september, og i bladet Sunnhordland, onsdag 30de september 2020. Det offisielle namnet på landet vårt er Noreg. Det er den einaste skrivemåten på nynorsk. Likevel niheld sume i skrivande krinsar der nynorsken hev det stødigaste fotfestet på den avlagde formi Norge. Ja, serleg i dei reint nynorske […]
Høgnorskringen fagnar målbruksplanen for det nye heradet for by og land på Sunnmøre. Borgund, Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog er kvar for seg einingar som hev bore uppe nynorsk skriftkultur og tradisjonar for nynorsk heradsstyring. Byen Ålesund hev alt å vinna på å ro same båten etter denne samanslåingi. Berre soleis kann han med retto […]
Innlegg på prent i Dag og Tid, 4. september 2020. I spyrjeleiken i Dag og Tid nr. 32 les me at stadnamnet «Kapp det gode håp» er eine svaret, og eg undrast: Er ikkje dette eit norskmålsblad? Kvi skal me støyta på norsk-danskt bokmål under fjerrlagde himmelstrok? Er det norsk-dansken som råder yver hav og […]
Det er tridje året at Norsk målstemna gjeng fyre seg på Litteraturhuset i Oslo. Emnet i år er tvo diktarar som båe skreiv på høgnorsk, eller klassisk norsk: Hans Henrik Holm og Olav H. Hauge. Bakgrunnen deira var ulik, og det var òg skilnader i stilen og kva tema dei skreiv um. På dette seminaret […]
Høgnorskringen verkar for å fremja, verja og dyrka norskt mål i godt lag, og meiner upplæringi i skulen jamt og samt skulde hava til fyreloga å halda fram den norske målarven. Utkastet til ny upplæringslov frå upplæringslovutvalet rekk ikkje, skal upplæringi gjera skuleungdomen fullfør til å bera fram den livande norske skrifttradisjonen. Måltilnærming og måltyning […]
På prent i Bergens Tidende, 5. mai 2020. Med burtgangen til Johannes Gjerdåker 27. april hev målrørsla og høgnorskmiljøet mist ein poet som song med ei klår og sterk røyst. Gjerdåker var ein logn og finsleg vossing som stod trufast på heimleg grunn, samstundes som han hadde utsyn mot den store verdi. Han dyrka nynorsken med hag hand, og hev soleis vist veg for mange andre. I mange år gav han […]
Norsk Årbok 2020 hev gjenge i Posten til lagsmenner og tingarar denna vika. Det er mange forvitnelege stykke i den nye utgåva. Styret ynskjer alle god lesnad! Boki er au tilgjengeleg i bokbudi vår.
Fråsegn vedteki på årsmøtet i Høgnorskringen i Oslo, 23. november 2019. Årsmøtet i Høgnorskringen åtvarar Stortinget mot å fylgja tilrådingi frå familie- og kulturnemndi um å taka ved songen «Ja, vi elsker dette landet» til offisiell norsk nasjonalsong. Me meiner fråsegni frå kulturriksråden til nemndi var god, og at dei folkevalde må høyra på den […]
Høgnorskringen takkar for innbjodingi til å segja noko um utkastet til ny mållov. Me meiner det nye utkastet tek inn nokre gode fyresegner. Til dømes slær fyremålet med lovi fast at lovi skal fremja jamstelling millom bokmål og nynorsk. Jamstellingsvedtaket frå 1885 hev enno ikkje gjeve nokor jamstelt målstoda i landet, og me treng ei verksam mållov til å støra og føra […]
Sundag 29de september i OsloI lag med Måldyrkingslaget og målnemndi åt Bondeungdomslaget byd Høgnorskringen inn til målstemna um færøysk og norsk målreiseing. Me hyller V.U. Hammershaimb og den færøyske målreisingi. I år er det 200 år sidan Hammershaimb vart fødd i Kaupmannahamn. Hammershaimb er mannen attum lina som vart førande for målreisingi der. Me ser […]
Heftet «Høgnorsk målreising» av Jostein Krokvik vart gjeve ut av Høgnorskringen i 1997. Heile teksti i heftet er utlagd på netsida åt Ivar Aasen-sambandet.
I boki «Von og veg» åtvara Nikolaus Gjelsvik mot at unorske segjemåtar og ordbering kjem inn i elles nynorskt mål. Verre en framandt mål i landet er det når framandt mål ter seg som det vøre norsk. Det fær oss til å tru at so skal tanken segjast på norsk. Gjelsvik krev at nynorske bladfolk […]
Me viser til høyringi um umbøter i læreplanane for norsk som er uppe no. Høgnorskringen verkar for den klassiske nynorske skrifttradisjonen og den norske målarven, og me er på det grunnlaget heilt upp samde i at «[n]orskfaget skal gi elevene innsikt i den rike og mangfoldige språk- og kulturarven i Norge», og at elevane «skal […]
(27. april 2019) Kommunal- og moderniseringsdepartementet held fram med å rydja tradisjonsrike stadnamn ut or offisielt bruk. Med di heradi Nes i Hallingdal og Nes på Raumarike kjem inn i det same risefylket Viken, skal heita, er det fastslege at eitt av desse lyt byta namn. Stader byter då ikkje berre namn! Usamansette og ubundne, […]
Innspel innsendt til Kulturdepartementet til arbeidet med ny språkmelding. Høgnorskringen tenkjer på kor stort rom klassisk norsk hev i samfundet i dag. Me peikar her på tiltak som er viktuge både for statsnynorsken og den tradisjonelle nynorsken. Me vonar at målpolitikken kann opna for at tradisjonelt mål slepp fram. Med høgnorsk elder klassisk norsk meiner […]
Skriftlegt innspel sendt til familie- og kulturkomiteen på Stortinget i samband med fyrehavingi av endringar i stadnamnlovi. Høgnorskringen viser til saki som er til dryfting i familie- og kulturnemndi um brigde i stadnamnlovi (Prop. 65 L (2018–2019)). Me ser med stor uro på sume av framleggi frå regjeringi, og serleg bodskapen kulturstatsråden hev bore ut […]
aDer hev vore mange gode sogemenner i Sætesdal. Den beste av dei som liver no, er Olav Eivindsson Austad. Han er fødd på Austad 2. februar 1843 av fatige foreldre. Men det var god soge-arv i ætti på båe sidur. Faren var sogemann. Og farsysteri, Jorunn Skåmedal, og son hennar, Tarkjell Bjørnsson Skåmedal, var av […]
Me som skriv under på dette uppropet, meiner det er rett og rimeleg at dei to hovudformene av nynorsk, i-mål og a-mål, skal ha jamstelt status i den offisielle rettskrivingi. Same um dei hev ulik utbreiding, bør i-mål og a-mål ha like vilkår. Systemet med at klassiske i-former er sette i klammer, må takast burt, […]
Høgnorsksaki hev fenge ein uppsving det siste tiåret, ei tydeleg fylgja av at samnorskpolitikken hev spela endeleg fallitt. No er det tid for å byggja og bøta i målrørsla og reisa oss på nytt med eit sermerkt og klårt profilera program. Avslagsmentaliteten frå den tidlege etterkrigstidi hev me lagt attum oss. Frå no av […]
(12. mars 2019) Vy. Det skal vel tyda utsyn, kringsjå, men NSB er snarare råka av tunnelsyn og hildringar. Me driv med nye ting no, me treng ny identitet, segjer dei, og vil skjota Statsbanane for glugg. Statsbanane dreiv bilrutor frå 1925 med namnet NSB, so det er slett ingi naudsyn å heita noko anna […]